Lavik Kro opna etter ein hektisk innspurt dørene i juni 2014.

Lavik Kro er i dag både ein møteplass for lokale innbyggjarar i Lavik og omegn, og ein naturleg stoppestad for reisande langs E39. Her kan du sette deg med ein kopp kaffi og ein vaffel og diskutere siste nytt med naboen du traff på butikken, eller få deg ein kjapp matbit før vegen går vidare. Vi har ein rikhaldig og variert meny med kromat der smaken står i fokus. Vi bakar pizza på steinovn, lagar middelhavskebab med kjøt marinert i vår heimelagde marinade (basert på ei hemmeleg oppskrift…), og serverar rettar godt fundert i norsk mattradisjon som kjøttkaker og laks.

Lavik Kro kan og tilby eit utval gourmetprodukt frå leverandørar som Nicolas Vahé, catering og dekorerte kaker. Vi tilbyr og «leig ein kokk heim» og ferdig pynta konseptarrangement.

kro