I 2015 feira Lavik Auto Senter 25 år!

Torbjørn Lavik starta opp bensinstasjon og verkstad i eit lite lokale i Lavik sentrum i 1988, og kort tid etter tok dottera Bente-Annita eit års pause frå utdanninga for å hjelpe faren med drifta. Den pausen er ho enno ikkje ferdig med…

I 1990 vart Lavik Auto Senter etablert då Torbjørn og Bente-Annita flytta inn i eit nybygg på staden der bensinstasjonen ligg i dag. Lavik Auto Senter har gjennomgått mange endringar i løpet av dei siste tiåra, og bensinstasjonbygget har husa både frisør og turistinformasjon, men den største endringa kom i 2014 då «nye» Lavik Senter stod klart. Då vart og kokken Ann-Elisabeth, som og er dottera til Torbjørn, med i senteret som ansvarleg for kroa. Svigersønene Galip og Frode er og med på laget i henholdsvis Lavik Dekk Service og Lavik Maskinsenter.

I 2016 lanserte vi konseptet Lavik Torg, som er fellesskapet av butikkar og verksemder som held til i Lavik senter. Med etableringa av Lavik Torg ønskjer vi å utvikle senteret vårt til å i enno større grad bli ein naturleg stoppestad for gjennomgangstrafikk og fastbuande. Begrepet torg er heller ikkje tilfeldig valt, då det spelar på dei tre første bokstavane i fornamnet til mannen som starta det heile, Torbjørn Lavik.

famlavik
Torbjørn Lavik starta i det små i 1988. I dag blir livsverket hans forvalta vidare av dyktige døtre og svigersøner, og det er og ein ny generasjon «på trappene» som kanskje får ei rolle i Lavik Torg på sikt.