- din naturlege stoppestad -

Lavik Torg er eit fellesskap av verksemder og butikkar som held til i Lavik senter like ved E39, 150 meter frå Lavik ferjekai. Her finn du eit triveleg handelsmiljø og mange flotte varer, så sving innom du og, neste gong du køyrer forbi.

restkro2

Eit triveleg treffpunkt

På Lavik Kro kan du slå av ein prat med vener og kjende over ein kaffikopp, eller nyte kortreist mat lagd frå botn av folk med hjarte for gode råvarer og godt handverk.

restom2

Vår historie

For over 25 år starta Torbjørn Lavik opp bensinstasjon i Lavik. I dag er det døtrene Bente-Annita og Ann-Elisabeth og svigersønene som styrer drifta.

restgave2

Søstrene Lavik

Lavikgaver.no byter namn til Søstene Lavik, men målet er som før. Å tilby små og store skattar til møbel- og interiørinteresserte over heile landet.


Våre Butikkar og verksemder

Lavik Kro

Lavik Kro er så mykje meir enn ei kro. Her serverer vi pizza bakt i steinovn, kortreist kvalitetsmat frå nærområda, signatur­sandwichen "Ladevik", og veldig mykje anna godt. Kroa tilbyr og catering og personlege kaker til fest og feiring.

Søstrene Lavik

Om du er på utkikk etter unike produkt innan interiør og møblar er Søstre Lavik eit skattkammer for deg. Vi har eit unikt utval produkt du ikkje finn andre stadar, og sender varer over heile landet.

Lavik Maskinsenter

Lavik Maskinsenter forhandlar alt frå jernvare til hus og heim til større maskiner for landbruk og andre profesjonelle.

Lavik Dekkservice

Lavik Dekkservice gjer kort og godt alt innan dekk. Vi sel dekk og felgar frå dei ledande merka til bil, traktor og lastebil. Har eige dekkhotell og utførar reperasjon av alle typar dekk.

Bunnpris

Bunnpris Lavik er ein rommeleg daglevarebutikk med "det lille ekstra". Vi sel det du treng til kvardag, hus og heim, i tillegg til strikkegarn og sesongens blomar.

Norled

Rederiet Norled, som sidan 2015 har drifta ferjestrekninga Lavik - Oppedal, har lokale for sitt mannskap i vårt senter.

Wærholm Økonomi

Regnskaps- og rådgivningsfirma som kan ta hånd om hele økonomifunksjonen eller enkelte delar. Tar vare på ditt rekneskap- og løningsbehov, rapporter til det offentlige, osv.

Ruteinfo
Lavik - Oppedal